Den nye kommunale fleirbrukshallen i sentrum opna januar 2019. Hallen har fått namnet "Ørstahallen". Den er på 8500 kvm og inneheld: tre speleflater, klatrehall (15 m høgde), friidrettsanlegg, styrkerom, fleire klubbrom. Hallen er tilrettelagd for mange idrettar, dette er ein ekte fleirbrukshall!

I september 2019 vart brukarane tatt med i prosjektering av den nye symjehallen, som skal kome tett inntil Ørstahallen. Her er ikkje den politiske prosessen ferdig. Idrettsrådet går inn for eit utvida treningsanlegg, med stort basseng (25 meter) og eit mindre varmtvassbasseng i tillegg. Vi meiner symjehallen må få tribune. Brukarane har kome med innspel, i neste runde må kommunestyret gjere vedtak om type anlegg og budsjett. Med trang kommuneøkonomi, kan det vere at vi må vente nokre år på realisering av dette anlegget.