Idrettsrådet er eit fellesorgan for idretten i kommunen. Alle kommunar med meir enn tre idrettslag skal ha eit idrettsråd. Idrettsrådet er organisert i NIF gjennom idrettskretsen, og følgjer NIF sine lover og vedtekter.

Idrettslag med medlemskap i NIF blir automatisk medlem i idrettsrådet i sin kommune.

Idrettsrådet skal arbeide for best mogleg forhold for idretten i kommunen. Idrettsrådet skal vere ein arena for samarbeid mellom laga, mellom laga og kommunen, og mellom laga og idrettskretsen. Idrettsrådet skal m.a. formidle laga sine anleggsbehov til kommunen, og fordele "Lokale aktivitetsmidlar" til laga i kommunen (i samsvar med NIF sine retningslinjer).

Idrettsrådet er høyringsinstans på vegne av idretten. Det er eit godt samspel mellom idrettsrådet og Ørsta kommune, sjølv om det er vanskeleg å få gjennomslag for alle ønskjemål.

Ørsta idrettsråd har 20 medlemslag med vel 4000 medlemmer.


Lov for Ørsta idrettsråd: Vedtekter ØIR 2022.pdf

Temaside for idrettsråd: Idrettsforbundet

Årsmelding 2019: Årsmelding_ØIR_2019.pdf 

Årsmelding 2020: Årsmelding_ØIR_2020.pdf

Årsmelding 2021: Årsmelding_ØIR_2021.pdf

Årsmelding 2022: Årsmelding_ØIR_2022_v2.pdf

Årsmøteprotokoll 2020: PROTOKOLL ØIR Årsmøte 2020.pdf

Årsmøteprotokoll 2021: Årsmøteprotokoll 2021 signert.pdf

Årsmøteprotokoll 2022: Årsmøteprotokoll ØIR 2022 signert.pdf

Årsmøteprotokoll 2023: Årsmøteprotokoll ØIR 2023 signert.pdf