Økonomisk støtte til born og unge

Postet av Erlend Andersen den 25. Mar 2024

Idrettsrådet har fått i oppgåve av idrettskretsen å fordele litt midlar. Dette gjeld midlar til inkludering av born og unge, aldersgruppe 6 - 19 år. Målet er at alle som vil, skal ha råd til å vere med i idretten. Inkluderingsmidlar kan bli brukt til treningskontingent, medlemskontingent, klede, stemne m.m. 

Har din klubb unge som treng økonomisk hjelp for å vere med i idretten? 

NB! Kort frist!
Send melding til leiar (leder@orstair.org) innan 7. april. Vi vil i denne runden kun vite kor mange det kan gjelde for din klubb, kva dei treng støtte til, og omlag kostnad.