Høyring planprogram

Postet av Erlend Andersen den 22. Feb 2023

Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet skal rullerast i 2023. Kommunen har no planprogrammet på høyring. Frist for innspel er sett til 19. mars.

Fokus i kommunedelplanen skal framleis vere "breiare fritidstilbod", også utanom organisert idrett.

Merknad til planprogrammet kan medlemslaga sende til idrettsrådet innan 17. mars, så skal vi levere eit samla innspel. Sjå særleg på oppsummeringa på siste side om kva planen skal innehalde. Det er allereie mykje interessant der, men kanskje plass til meir?

Les meir hos Ørsta kommune: Oppstart: Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet - Ørsta kommune (orsta.kommune.no)

Oppstart og høyring av planprogram. Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2023-2033.pdf

Framlegg til planprogram ds. 19.01.2023 for kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet..pdf


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.