Lokale aktivitetsmidlar (LAM)


Dette er midlar som vert fordelt av idrettsrådet kvar haust. Midlane skal gå til lag som har aktivitet i aldersgruppe 6-19 år. Det er viktig at laga gjer god jobb med idrettsregistreringa i april, ettersom dette er eit utgangspunkt for tildelinga. Dette er også fast årsmøtesak i idrettsrådet.

Les meir om ordninga: Idrettsforbundet

Fordeling for 2022 (med oversikt tilbake til 2019): LAM 2022 ØIR nettside.pdf
I skjemaet viser kva kriterier som er brukt av Ørsta idrettsråd. Kriteriene er til diskusjon i kvart årsmøte, og medlemslaga får høve til å påverke i medlemsmøte før fordeling. Vi tar også kontakt med lag ved behov.

Fordeling for 2023 (med historiske tal): LAM 2023 ØIR nettside.pdf

Frå april 2024 har idrettsrådet fått i oppgåve å fordele inkluderingsmidlar/ekstramidlar frå NIF. Tildelinga skal gå til økonomisk støtte til utøvarar i aldersgruppe 6-19 år. Målet er at økonomi ikkje skal vere eit hinder for deltaking i idretten. Utgangspunktet for fordelinga er innspel frå klubbene, samt innmelde medlemstal i samordna rapportering. Økonomisk støtte kan bli brukt til treningskontingent, medlemskontingent, utstyr/klede, deltaking på stemne/cup etc.

Inkluderingsmidlar april 2024 ØIR_vedtak.pdf

Idrettsrådet fordelte også inkluderingsmidlar hausten 2024: Inkluderingsmidlar september 2024 ØIR_vedtak.pdf

Fordeling lokale aktivitetsmidlar for 2024 (fordelt i november): LAM ØIR 2024 vedtak.pdf

Fordeling ekstramidlar/inkluderingsmidlar (6-19 år) april 2025: Inkluderingsmidlar april 2025 ØIR vedtak.pdf