Samordna rapportering

Postet av Erlend Andersen den 13. Apr 2026

Medlemslaga må rapportere til NIF i løpet av april.

Det er ikkje lengre mogleg å rapportere medlemstal manuelt, dette skjer automatisk gjennom medlemsregisteret. Det er i år framleis mogleg å rapportere aktivitetstal manuelt. Dette er særleg viktig for idrettslag som har fått kunstig låge medlemstal. Vi ser at mange lag slit med at nye medlemmer ikkje blir verifisert i NIF, og då tel dei ikkje som medlem sjølv om kontingent er betalt. Idrettsrådet kan ta omsyn til dette ved tildeling av lokale aktivitetsmidlar seinare i år.

Oppdatering av styre, verv og kontaktinfo gjer ein også i denne prosessen. NIF vil også ha info om laget sin økonomi.

Hugs også å søke om momskompensasjon på varer/tenester. Søknadsfrist er 15. august, men det er smart å gjere dette allereie no om alt det formelle elles er i orden.

Les meir om samordna rapportering her (også opptak av eit webinar):
Samordnet rapportering



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.