Fristar i april
Postet av Erlend Andersen den 23. Apr 2017
Alle idrettslag må rapportere medlemstal til NIF gjennom KlubbAdmin innan 30 april. Frist for å søke om kompensasjon for moms på varer og tenester er 15. august, men NIF tilrår at ein gjer dette saman med medlemsrapporteringa. Ein skal også oppdatere info om styret i laget, og kontaktinfo.
Hugs også å søke kulturmidlar frå kommunen innan 25. april. Dei største laga vil normalt få litt støtte.
Hugs også å søke treningstid for neste skuleår. Dette gjeld Ørstahallen, Vikemarka skule og symjehallen. https://www.orsta.kommune.no/kultur-idrett-og-frit...
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.